|
WebArtikler.com er en ny måte å markedsføre nettsteder på. Vi tilbyr kvalitetsartikler skrevet av og for nettredaktører. Som en forfatter får du innholdet ditt lansert på andre nettsteder, og du drar nytte av lenker fra disse nettstedene til ditt eget nettsted. -Som nettredaktør, får du gratis innhold! - Som f.eks denne artikkelen! |
|
Alle: Utskriftsvennlig Versjon
Innlogget: Les som PDF
Innlogget: Hent HTML Kode
av: Uriks |
Sør-Afrika: Blir han ny ANC-leiar?
Regjeringspartiet ANC i Sør-Afrika skal velge ny president og leder, som også kan bli Sør-Afrikas neste president. Kampen står mellom Sør-Afrikas nåværende president Thabo Mbeki og utfordreren Jacob Zuma. Zuma ser ut til å vinne valget.
(Uriks-redaksjonen 14.12.07) Jacob Zuma er tilbake frå skuggen. To år etter han fekk sparken som visepresident, peikar mykje i retning av at han trekkjer det lengste strået i valet av ny president i ANC denne helga. Og då kan han òg bli Sør-Afrikas neste president.
Tekst: Maria Lavik, Cape Town, Sør-Afrika
redaksjonen@uriks.no, lavik@email.com, www.uriks.no
Mellom 16. og 20. desember møtest delegatar frå regjeringspartiet African National Congress (ANC) til konferanse. Delegatane skal velja ny president for partiet, og sannsynlege kandidatar er Thabo Mbeki og Jacob Zuma. Mbeki er sitjande president for både ANC og Sør Afrika, og blir utfordra av Jacob Zuma. Nominasjonsrunden i forkant av konferansen viser at eit fleirtal av ANC sine provinsar støttar Zuma.
Skulda for valdtekt
Framgangen til Jacob Zuma overraskar mange, sidan han blei avskriven som politikar etter to rettssaker i 2005. Den første omhandla korrupsjon blant sør-afrikanske politikarar knytt til eit stort våpenkjøp. Zuma sin finansielle rådgjevar blei fengsla, men det lykkast aldri myndigheitene å prova at Zuma sjølv hadde oppnådd økonomiske fordelar ved våpenkjøpet. Mistanken var likevel nok til at han mista jobben som visepresident i Sør-Afrika.
Seinare på året måtte Zuma møta til rettssak skulda for valdtekt. Domstolen kom fram til at samleiet skjedde frivillig, men rettssaka sette Zuma i dårleg lys. Mellom anna fortalde han at han hadde dusja etter samleiet, for å minska sjansen for overføring av HIV. Uttalinga oppskaka AIDS-aktivistar og skapte uttrykket ”Zuma-shower” på folkemunne.
"JUSTIFY ZUMA": Ein støttespelar av Jacob Zuma. Foto: AP
Sør-Afrikas nye president?
Zuma sin folkelege stil og sitt engasjement for fattige blir ofte trekte fram som forklaring på den vedvarande populariteten hans. Han blir sett opp mot Mbeki si meir intellektuelle og tilbaketrekne framtoning.
Mbeki blir av kritikarar skulda for å ha svikta folket og for å vera maktarrogant. Zuma blir også sett på som det ”minste vondet”, der det største vondet er mangel på maktskifte.
ANC har som mål at presidenten for partiet også skal vera president for Sør-Afrika. I 2009 har Mbeki vore president i ti år. Mange fryktar at ein ny periode for Mbeki som ANC- president vil føra til at han vil halda fram som president for Sør-Afrika.
Pallo Jordan, ANC-medlem og intellektuell, uttrykte det slik til ”Mail&Guardian”: ”Det er ikkje ønskjeleg at ein president skal leia landet for så lang tid, spesielt ikkje for eit ungt demokrati som vårt.”
”100% Zuluboy”
Rasetilhøyrsle spelar framleis ei stor rolle i Sør Afrika, trass idealet om landet som ein ”regnbogenasjon”. Valet av ny ANC-leiar gjenspeglar også maktkamp mellom dei to dominerande stammane i Sør Afrika; zulu og xhosa. Jacob Zuma blir skulda for polarisering ved å promotera si eiga zulu-tilhøyrsle. Mellom anna kler mange av Zuma sine tilhengarar seg i t-skjorter med påskrifta ”100% Zuluboy”.
Mbeki er på si side xhosa og hentar mykje støtte frå heimprovinsen Easten Cape, som er dominert av xhosa-talande. Rivaliseringa mellom desse to stammane førte til blodige samanstøyt ved overgangen til demokrati i 1994. Fleire fryktar at knivinga mellom Mbeki og Zuma vil opna gamle sår.
STØTTAR ZUMA: Jacob Zuma blir omfavna av supportarar. Foto: Nadine Hutton.
TAR OPP KAMPEN: President i Sør-Afrika, Thabo Mbeki (t.h) hadde lenge Jacob Zuma (t.v.) som si høgre hand, men Zuma blei sparka som visepresident i landet etter korrupsjonsanklagar. Foto: Scanpix/AFP.
BAKGRUNN: Mbeki vs. Zuma
Thabo Mbeki
Fødd i Eastern Cape.
ANC president sidan 1997. President for Sør-Afrika sidan 1999.
Har store ambisjonar for Sør-Afrika si rolle som fredsmeklar i Afrika, men kritisert for passiv haldning til Robert Mugabe.
Også kritisert for uklare standpunkt til AIDS. Har mellom anna støtta forskarar som meiner at HIV ikkje er årsaka til AIDS.
I 2009 endar den andre perioden hans som president i Sør Afrika, og han har nekta for at han vil gå for ein tredje periode. Mbeki har likevel kasta seg inn i kampen om å halda på posisjonen som president for ANC.
Jacob Zuma
Fødd i KwaZulu-Natal
Visepresident for ANC sidan 1997. Blei visepresident i Sør-Afrika i 1999, men fekk sparken i juni 2005 på grunn av mistanke om korrupsjon.
- Same året blei Zuma sikta for valdtekt. Han blei frikjend, men rettssaka sørgde for mykje negativ publisitet.
Om forfatteren
Se hele artikkelen med bilder på www.uriks.no, http://www.uriks.no/news/Sor-Afrika:Blir-han-ny-ANC-leiar.html
Vurdering: Ikke vurdert enda
Forrige Artikkel - - Irsk utviklingshjelp er på verdenstoppen
Neste Artikkel - Uriks.no med gledelig julebudskap: En solidarisk julegavegiverboom!
Kommentarer
Bruker du denne artikkelen som innhold? - Legg igjen en adresse til din side i kommentar-boksen underDu kan også sende en beskjed til forfatteren: Uriks - om du ikke vil skrive i kommentarfeltet


